Gästbloggare: Kristin Fridtun, studerande i Trondheim.

skagenmåsar

Auga i hjartat

♥ Det er ei kjend sak at Dana, eigaren av dette vevritet (d.e. ’bloggen’), hev skrive ei bok som heiter ”FRÅN ETT HJÄRTA til et andet / fra et hjerte TILL ETT ANNAT”. Eg tenkte å dvelja litt ved kjerneordet i denne boktittelen: hjarta. Kva gà¸ymer seg i og innimillom desse seks bokstavane? Ja, for hjartat er vel meir en berre eit muskelorgan som held blodet vårt i gang?

I skriftmålet mitt, som er landsmål/nynorsk, vert ordet bà¸ygt soleis: eit hjarta, dette hjartat – mange hjarto, alle hjarto. Ei fager bà¸ying, med andre ord. Hjarto! Det kling godt. Det finst mange fagre måtar å bruka ordet på à²g, anten det stend for seg sjà¸lv eller er samansett med andre ord.

♥ Me segjer gjerne at hjartat er sentrum for kjenslor og tankar, at sjà¦l og sinn og vårt inste indre held til i hjartat. Me talar um gode hjarto og vonde hjarto, um lette hjarto og tunge hjarto, ord kann koma frå hjartat, og ord kann leggjast på hjartat. Ja, sjà¸lve livet er tett bunde til hjartat – me kann ikkje liva utan det.

Kjà¦rleik og elsk hà¸yrer hjartat til. Eg ber elsk til det gamle, norrà¸ne språket – eg granskar det, les det og grev meg ned i det kvar dag. Kva er vel då meir naturleg en å sjå kva dei sagde og skreiv um hjartat i desse gamle tidene? Det var mykje, og det norrà¸ne målet hev ei mengd ord med hjarta i seg. Eg vart nà¸ydd um å velja ut nokre fåe ord, so dette vesle gjesteinnlegget ikkje skulde verta for langt, og eg valde meg desse tvo godbitane: hjartaauga (’hjärtaöga’) og hjartablà³m (’hjärtablom’).

♥ Det siste fyrst: hjartablà³m. Kva kann dette tyda, tru? Hjartablà³m er det same som ’hjarteblom’, eller ’hjarteblomst’. Eg veit ikkje um det faktisk finst ein blome som heiter hjarteblom, men det norrà¸ne ordet hjartablà³m er ikkje namnet på ein blome. Hjartablà³m tyder ’kjà¦rleiken i hjartat’. Sjà¸lvsagt! Kjà¦rleiken er som ein blome: Han slà¦r rot i oss, spirer og gror, men han er ein svak vokster som treng varme og nà¦ring, elles visnar han og dà¸yr ifrå oss. Og er det ikkje so at kjà¦rleiken blà¸mer best um våren og sumaren, just som blomane?
beskrivning
Det andre ordet eg hev valt ut er hjartaauga. Eit auga i hjartat. Kva trur du det er? Hjartaauga er det indre auga vårt. Eg skal ikkje segja at eg veit heilt visst kva eit indre auga er. Kann henda er hjartaaugat eit auga som ser kjenslone og tankane inni oss, i staden for ting og hendingar utanfor sjà¸lve kroppen? Eg veit ikkje. De kann tenkja på det, og melda ifrå so snart de hev ein idé eller tanke um kva det kann vera.

♥ Slik eg tolkar det, so handlar ”FRÅN ETT HJÄRTA til et andet / fra et hjerte TILL ETT ANNAT” um både hjartablà³m og hjartaauga. Um kjà¦rleiken og um det indre synet vårt. Med dette ynskjer eg god helg, og tak godt vare på hjarto dykkar!

Kristin Fridtun, norska, studerande i Trondheim. Här är Kristins blogg

Kommentera

E-postadressen publiceras inte. Obligatoriska fält är märkta *

Denna webbplats använder Akismet för att minska skräppost. Lär dig hur din kommentardata bearbetas.